Litt om Elin…
Heilt sidan eg var lita jente har eg hatt ein stor fascinasjon for andlet, auger,kjensler- alt som skapar fantastiske augeblikk. Etterkvart som eg vart eldre byrja eg sjå etter korleis lyset som strauma inn vindauget skapte skugge, eller fjerna skugge alt etter som, og med det kunne endre det eg såg. Då eg var 14 fekk eg mitt fyrste Nikon speilrefleks kamera og då var det gjort. Fotografering vart ein stor del av kvardagen min og har fulgt med sidan- til Volda, der eg utdanna meg til sosionom og til Irland der eg blant anna studerte fototeknikk. Tilbake i Noreg fann eg vegen til Tønsberg- der eg no har ein fantastisk spanande kvardagsjobb og verdas beste sidejobb som fotograf. Eg har litt erfaring frå studioarbeid- men har no bestemt meg for å satse mest på fotografering ute i naturleg lys. Det er jo ute ein finn dei mest spanande bakgrunnane!
Dersom du ynskjer fotografering av nyfødt gjer eg dette heime i huset mitt, eller eg kan komme heim til dykk.
Det å bli tatt bilder av,kjennest ikkje nødvendigvis så veldig naturleg. Som de ser har eg fått testa det ut sjølv! Men med litt humor og ved at vi blir litt meir kjent- får vi det til saman.