I sommar fekk eg fotografera og dels intervjua Klara og Hans. I 2017 feira Hans 90 års lag, og av dei 90 åra har han vore gift med Klara i 70 år. Noko så vakkert! Då eg spurde dei korleis det heile starta kom det fram lure smil frå begge to. Hans fortalde at dei hadde vore på konsert på Stord og på båten på veg tilbake til Halsnøy falt blikket på Klara, og sidan den gong har det vore dei. Dei fortel om ein sterk kjærleik for kvarandre, og at ei god kristen tru har fulgt dei og vore viktig gjennom livets opp og nedturar. Takk for at eg fekk høyre historiar frå livet dykkar.