Baby L
Det er mange som er spente når det kjem eit nytt menneske til verda. Også dyra i heimen kjenner at no- no er det komen ein ny sjef i huset! Velkomen til verda, nydelege L! Takk for at eg fekk kome heim og fotografere denne vakre jenta.
Baby on board
For ein dag! For eit vær! For eit par! Og ikkje minst- for ei mamma! Takk for at eg fekk fotografere dykk- no er det berre å glede seg til den vesle kjem. Eg er nemlig så heldig at eg skal få følge desse vidare. For ei spanande tid!
Haust i skogen
Ein koseleg tur på Alby i deilig haustvær gir fine og litt annleis portrettfoto. Korleis kunne du tenkt deg å bli fotografert? Posert eller meir fritt? Du kan velge sjølv-eg finn lyset rammene medan du er tilstades i øyeblikket.
M+S = SANT!
Kjærleiken er fantastisk! Den er sterk, den er leken, den er trygg,varm og god. Takk for at eg fekk fotografere den fantastiske bryllupsdagen dykkar!
Konfirmanten Ida
Ikkje alle konfirmantar brukar bunad. Og det er heilt greit! Sjekk denne flotte konfirmanten! Vi gjekk oss ein tur i Torderødhagen for å fotografere, og for eit vakkert sted! Den raude kjolen var ein nydeleg kontrast mot alt det grøne. O nydelege sommartid! Nydelege konfirmanttid! Takk for at eg fekk fotografere deg, Ida!
Stine + Frank = SANT!
Fint vær, fine klær, fine folk og vakker kjærleik! Då er det veldig fint å få være med og samle på minner. Lenge Leve Kjærleiken!
Victoria
Tåka ligg tjukk over Moss. Det er kaldt. Frosten ligg tjukk og kvit på greiner, gras og strå. Det er nydeleg fotovær!